in: Røde Fane nr 2a, 2004

Havarert grunnlov

Parkert militærstrategi

von: Tobias Pflüger | Veröffentlicht am: 8. August 2004

Drucken

Hier finden sich ähnliche Artikel

Ex Relationship

av Tobias Pflüger

Tobias Pflüger er statsvitskapsmann, styremedlem i „Informationsstelle Militarisierung“ og redaksjonsmedlem i Wissenschaft und Frieden (Vitkap og fred)

Artikkelen vart skriven før EU-grunnlova vart vedteken, men det er få endringar
i den vedtekne grunnlova i høve til framlegget på dette feltet som her er omtalt.

I Røde Fane trykte vi ein forkorta versjon av artikkelen.
Artikkelen er nytta med løyve frå forfattaren, og er omsett til norsk av Einar Jetne.

Han sto opprinnelig IMI-Analyse 2004:011 – i Wissenschaft & Frieden nr 2, 2004

På toppmøtet i Brussel (desember 2003, reds. anm.) klarte ikkje regjeringssjefane i Den europeiske unionen (EU) samle seg om det grunnlovsutkastet som låg føre. I etterkant vart det ein forsterka diskusjon om eit Europa med ulik fart, eit Europa der nokre land i samarbeidet „går framom“ – og då først og fremst på det militære området. På denne bakgrunnen er det særleg interessant at Den europeiske unionen i Roma la til sides spørsmålet om ein bindande militærstrategi.

Avrøystingsreglane innafor EU var hovudstridspørsmålet i diskusjonen om den nye EU-grunnlova. Etter forslaget frå grunnlovskonventet skulle dei fleste avgjerdene i ministerrådet frå 2009 av bli vedtatt med eit „dobbelt fleirtal“: minst 13 regjeringar som representerte minst 60 prosent av innbyggarane. Polen og Spania var imot å knyte røysteretten til innbyggartalet sidan dei ved ei slik ordning, samanlikna med den som har vore gyldig til no (Nice-avtalen), heilt tydeleg ville miste innverknad. På den andre sida ville Tyskland som det folkerikaste landet like tydeleg vinne maktmessig.

I media vart framfor alt Spania og Polen gitt ansvaret for „havariet til EU-toppmøtet“. Iblant vart det sikkert også ytra mistanke om at den tyske og den franske regjeringa kanskje heller ikkje var så leie seg for dette forliset. Slik gjekk Neue Züricher Zeitung (15.12.2003) ut frå at „Chirac og Schröder i Brussel med overlegg let kjerra renne mot veggen for på den måten rydde vegen for ei gjenoppliving av den gamle ideen om eit „Kjerneeuropa““. Klaus Dieter Frankenberger (FAZ 16.12.2003) tolka hastverket med mistru „i og med at tanken om eit Kjerneeuropa vart plukka ut av møllposen. Dermed tok ein ikkje utan baktanke Brussel-forliset“ på kjøpet.“ (FAZ = Frankfurter Algemeine Zeitung. Oversettaren sin merknad.) Og Wolfgang Münchau snakkar i Financial Times Deutschland (16.12.2003) om at „utan det tyske olbogediplomatiet i debatten om stabilitetspakta og dei stadige trugsmåla om Kjerneeuropa“, ville eit kompromiss med Polen og Spania ha vore muleg.
Gjenopplivinga av den tysk-franske aksen

Reelt aukar kravet om eit „kjerne-Europa“ etter at EU-grunnlova ikkje vart parkert. Den franske europaministeren Noëlle Lenoir snakkar om at det burde vere muleg for nokre EU-statar „som fortropp“ å gå raskare fram enn andre i europeisk integrasjonen.

Den franske utanriksministeren Dominique de Villepin nemner alt konkrete mål: Europa må skaffe seg dei midla som trengst „for i morgon å kunne fylle plassen sin i verda. For denne nye unionen må det bli sett ærgjerrige mål enten dei blir alle sine mål eller om dei berre blir følgd av nokon. Når det gjeld den ærgjerrige integrasjonen, vil han heilt naturleg falle på plass – slik Frankrike, Tyskland og Storbritannia har praktisert eit svært nyttig samarbeid overfor Iran i spørsmålet om ikkjespreiing. Ein slikt presedens kan vi skape på ny i tida som kjem, for eksempel gjennom at vi styrkar partnarskapet mellom konserna våre innafor forsvarsindustrien eller gjennom at vi i Afrika eller ein annan stad grip politisk initiativ eller gjennomfører operasjonar.“ (FAZ 19.12.2003.) Og den franske presidenten, Jacques Chirac, tar også fram det tysk-franske kortet. Han er for å danne „pionergrupper“ i Den europeiske unionen, der „Tyskland og Frankrike naturleg … hører til kjernen.“ (AP 08.01.2004.)

Den tyske forbundsregjeringa gjer det klart at diskusjonen om kjerne-Europa „ikkje er ein rein taktisk debatt“ for å auke trykket i retning semje. Ved eit muleg slutthavari i forhandlingane må ein vere i ei stilling der ein kan gje „skisser“ til svar. (FAZ 21.12.2003.) Korleis desse skissene kunne sjå ut, forklarte utanriksminister Joseph Fischer i Spiegel (20.12.2003): „Dei som vil gå vidare – i tryggings- og forsvarspolitikken, i samarbeidet om innanrikspolitikk, om justis og rettsvesen – dei vil gå vidare når grunnlova havarerer. Dei vil gjere det meir målretta dess mindre dei trur på at Europa som heile vil få handlingsdyktige strukturar.

Kjerne-Europa blir framfor alt konkretisert på det militære området. Til det seier Sabine Herre: „Prosjektet Kjerneeuropa har forlate teoristadiet. No gjeld det klare reglar for korleis dette „strukturerte samarbeidet“ mellom særleg integrasjonsvillige statar skal fungere. Krigen i Irak og EU-utvidinga er årsakene til at Kjerne-Europa blir konkret på det militære området. (taz 01.12.2003.)
EU sin militærstrategi – eit opplegg for preventivkrig?

Mens forhandlingane om ei ny EU-forfatning havarerte, vart ein bindande militærstrategi lagt til sides i Roma. Alt før dette hadde den tyske forbundskanslaren undra seg over at framlegget, som langt på veg gjenspegla synet til den tyske og den franske regjeringa, vart akseptert av alle EU-statane: „I forhold til skilnadene innafor Europa i Irak-spørsmålet er det pussig at Javier Solana sitt utkast til ein europeisk tryggingsstrategi har vorte tatt i mot positivt av alle EU-partnarane.“ (Internationale Politik nr 9, 2003.) I realiteten vart framlegga frå Javier Solana i det alt vesentlege lagt til sides uendra. Det peika ut tre strategiske mål:

* for det første kampen mot terrorisme,
* for det andre kampen mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen, og
* for det tredje hjelp til „samanbrotne statar“ som middel mot organisert kriminalitet.

Strategidokumentet nemner og korleis EU vil handle militært: „Som ein union med 25 medlemsstatar som bruker meir enn 160 milliardar euro på forsvar, skal vi samtidig kunne gjennomføre fleire operasjonar.“ Og på ein annan stad: „Det tradisjonelle konseptet vårt for sjølvforsvar, som gjaldt fram til slutten på den kalde krigen, tok utgangspunkt i faren for ein invasjon. Med dei nye trugsmåla vil den første forsvarslinja ofte ligge i utlandet. Dei nye trugsmåla er dynamiske.“

„Forsvarslinjer“ som ligg i utlandet minner om det såkalla „Preemptive War Concept“ frå USA-regjeringa sin „National Security Strategy“. Omgrepa „preemptiv krig“ eller „preventiv krig“ brukar ein helst ikkje i EU. På heimesida til forbundsregjeringa heiter det: „Det omstridde omgrepet „preemptive engagement“ vart bytta ut med „preventive engagement“. Offisielle erklæringar gir inntrykk av at ein med det andre omgrepet berre meiner konfliktførebygging eller „prevensjon“. Avisa Neue Züricher Zeitung (15.12.03) trur derimot at omgrepet „preemptivt“ vart unngått fordi det var eit „oppeldingsord“ eller „pirreord“. Og for International Herald Tribune (09.12.2003) vart omgrepet bytta ut berre fordi det ikkje finst ord for „preemptivt“ i ein del av EU-språka. Men ubunde av dette: Forsvarslinjer i utlandet er ei omskriving for „angrep“, og angrep før motparten går til åttak, det er folkerettsstridig aggresjon.
EU og Nato, hand i hand

EU sin militærstrategi snakkar om at i „ei verd med globale trugsmål, globale marknader og globale media (…) er tryggleiken og velstanden vår stadig meir bunden til eit verksamt multilateralt system (…) Ein aktiv og handlingsdyktig Europeisk union kan utøve påverking globalt. Slik vil EU medverke i eit fungerande multilateralt system, noko som vil leie mot ei verd som er meir rettferdig, meir trygg og meir sameint.“ Her er verdsmaktambisjonane til EU formulert. Alt ved framlegginga av EU sin militærstrategi hadde Javier Solana i Berlin 12.11.2003 framheva: „EU skal bli ein global aktør.“ Den gongen slo han likeeins fast at EU og Nato ville spele tett saman: „Innafor rammene til dette nettet er og blir Nato ein grunnleggande garantist for tryggleiken vår, og då ikkje som konkurrent, men som strategisk partnar.“ Innafor EU skal det bli innført ei „bistandsplikt“. For dei til no (framleis formelt) nøytrale EU-statane Austerrike, Finland, Irland og Sverige ville det innebere den endelege oppgivinga av nøytraliteten.
Opprustingsplikt også utan EU-grunnlov

EU har vedtatt å opprette ein „Europeisk instans for forsvarsmateriell, forsking og militær dugleik“. Arbeidet skal ta til i 2004 og det skal bli forankra i EU-grunnlova. Rettnok vart dette komplekset alt før toppmøtet i Roma kopla frå og skrive inn i EU sin militærstrategi, ubunde av EU-grunnlova: Dei opprustingspliktene som EU-grunnlova føreset – „Medlemsstatane forpliktar seg til skrittvis å betre sin militære dugleik“ (Artikkel I-40, avsnitt 3). Dette blir no regulert slik i EU sitt militære strategidokument: „For å gjere stridskreftene våre meir fleksible, for å omdanne mobile innsatskrefter og gjere dei i stand til å møte dei nye trugsmåla, må forsvarsløyvingane både bli auka og brukt meir effektivt.“ Dei regjeringane som innafor EU ønskjer ei styrka vidareutvikling av den militære komponenten har gjennom EU sin militærstrategi fått mykje av det som dei ville nå med det eksisterande utkastet til EU-grunnlov. Den avgjerande skilnaden er: Det er meir sannsynleg at utviklinga på det militære området vil skje med „ulik fart“. Eit „militært kjerne-Europa“ rundt Tyskland og Frankrike rykker nærmare!
Militarisering av EU

På fire område er militariseringa av EU kome svært langt:

* For det første ved danninga av ein EU-intervensjonsstyrke på 60.000 soldatar som skal vere operativ dette året.
* For det andre – og det blir ofte oversett i diskusjonen – i form av ulike bi- og multinasjonale korps som alt har eksistert lenge.
* For det tredje gjennom oligopolisering og styrking av den europeiske krigsvåpenindustrien.
* For det fjerde – og det er nytt – gjennom danninga av såkalla „Battle Groups“. Tyskland, Storbritannia og Frankrike vil opprette frå sju til ni kampgrupper (Battle Groups), kvar på omtrent 1.500 mann. Desse skal kunne bli mobiliserte på innan 15 dagar til militær innsats i frå 30 til 120 dagar kor som helst i verda. Desse „Battle Groups“ skal bli „utvikla i full innpassing med yteevna til Nato“.

EU-intervensjonsstyrken

EU-statane har lenge vore einige om å danne ein EU-intervensjonsstyrke. Til saman har EU-regjeringane og EU-kandidatane „meldt inn“ ca. 100.000 soldatar. 60.000 av desse skal kor som helst i verda kunne bli sett inn permanent i eitt år. (Einaste unntaket er Danmark som ikkje deltar i EU sin militære „komponent“.) Desse intervensjonsstyrkane skal vere innsatsklare innan 60 dagar. Den bindande intervensjonsradiusen på 4.000 km ut frå Brussel vart til og med overskriden i samband med den første „prøveinnsatsen“ i Kongo. EU-intervensjonsstyrken er ikkje ein „ståande styrke“. Han skal til kvar tid kunne bli sett saman frå ståande troppekontingentar. Denne styrken skal vere innsatsdyktig i løpet av 2004.

Samansettinga av styrken er politisk interessant: Austerrike 3.500, Belgia 1.000, Storbritannia 12.500, Finland 2.000, Frankrike 12.000, Hellas 3.500, Irland 1.000, Italia 6.000, Luxemburg 100, Nederland 5.000, Portugal 1.000, Sverige 1.500. Tyskland stiller med 18.000, klart den største kontingenten – nesten ein tredjedel av heile EU-intervensjonsstyrken.

For å kunne mønstre 18.000 innsatsdyktige soldatar, er det nødvendig å utdanne 32.000 ekstra til dette formålet. Desse har då også forbundsregjeringa gitt lovnad om. I tillegg er det lova 93 kampfly, 35 transportfly og 3 overvakingsfly, fire kamphelikopter og marinestyrkar.

Den tyske hæren sin dugleik gjeld framom alt strategisk oppklaring, leiingsevne og evne til strategisk forflytting. Den tyske generalen Rainer Schuwirth skal vere øvstkommanderande for EU-styrken. Innsatsleiingskommandoen i Potsdam-Geltow er den sannsynlege kjernen i eit „operativt hovudkvarter“ for Den europeiske unionen. Frankfurter Algemeine Zeitung (FAZ) (10.07.2001) skreiv dette om kommandosentralen i Potsdam: „Med innsatsleiingskommandoen rår den tyske hæren over ein operativ leiingsstab på arménivå, ei leiing som i funksjon tar vare på oppgåver som før vart tatt vare på av generalstaben til den tyske armeen.“

EU-planlegginga siktar på å etablere ein intervensjonsstyrke som kan handle med eller utan ryggdekking frå Nato, som kan handle ubunde av Nato og dermed også ubunde av USA. På heimesida til forbundsregjeringa lyder dette slik: „Kreftene i form av ein europeisk inngrepstropp skal stå til rådvelde for felles EU-innsats, ubunde av Nato.“ (www.bundesregierung.de) Trass i at Solana ikkje ser Nato „som konkurrent, men som strategisk partnar“, kan EU sine militærintervensjonar gjelde forhold som USA-regjeringa ikkje har interesse i eller til og med forhold der USA har andre interesser. Innebygd i dette ligg faren for at det kan kome til tydelege tilspissingar i forholdet mellom EU og USA.
Dei multinasjonale korpsa

Dei ulike multinasjonale korps som alt har eksistert lenge, er sentrale element i EU sin militærpolitikk.

Her finst:

* Europakorpset med tyske, belgiske, spanske, franske og luxemburgske troppar
* Eurofor med troppar frå Spania, Frankrike, Italia og Portugal
* Euromarfor med troppar frå dei same landa
* den europeiske luftfartsgruppa med tyske, belgiske, spanske, franske
* italienske og britiske avdelingar
* den multinasjonale divisjonen under britisk kommando som er lagt til Tyskland med tyske, belgiske og nederlandske troppar
* og det tysk-nederlandske korpset som skal bli sett inn i Afghanistan, og som tidvis skal ha „lead-nation-function“ der.

Frå september 2002 er Eurokorpset godkjent av Nato som „Rapid Reaction Corps“. EU sin framvisingstropp skal bli overdratt leiinga av Afghanistan-vernetroppen ISAF. „Seinare er siktemålet å overdra den operative leiinga“ av den krigen som framleis går føre seg i Afghanistan „til NATO“. (FAZ 04.02.2004.) I følgje FAZ blir den nødvendige troppeforsterkinga i Nato vurdert til mellom 5.000 og 14.000 mann. Dette er resultatet av ei samanslåing av dei to operasjonane Enduring Freedom og ISAF, operasjonar som av gode grunnar har vore skilde frå kvarandre fram til no. Innafor ramma til Enduring Freedom var og blir krigs- og kampinnsatsen i Afghanistan gjennomført. I desse deltar også tidvis soldatar frå den tyske spesialkommandoen. ISAF var til no „berre“ tilgjengeleg for dei såkalla stabilseringstiltaka. Med Forbundsdagen sitt vedtak om å sette inn soldatar i Kundusregionen vart ei første oppmjuking av dette skarpe skiljet utan tvil sett i verk.
EU-troppar i Irak?

Det er innlysande at USA ønskjer at Nato skal ha ei offisiell rolle i okkupasjonen av Irak. Slik det vart uttalt ved samlinga av Nato sine militærministrar i „Tryggleikskonferansen“ i München i februar 2004, skal ei Nato-operasjonsplanlegging for Irak bli vedtatt i det neste ministermøtet i Istanbul i juni 2004. Til innsats mot enden av året eller ved starten av neste år blir det diskutert 30.000 til 45.000 soldatar. Som hovudkvarter snakkar ein om Allied Rapid Reaction Corps (ARRC) i Mönchengladbach og det tysk-nederlandske korpset. „I begge leiingsstabane stiller den tyske hæren i følgje FAZ (04.02.2004) med storparten av personellet. Tyske soldatar vil då bli konkret bunde til okkupasjonspolitikken i Irak gjennom å delta i leiingsstabane. Bildet av den tyske regjeringa som motstandar av Irakkrigen vil for godt bryte saman. Dette bildet er elles for lengst svekka gjennom den indirekte støtta til USA sine militæroperasjonar frå tysk jord gjennom hjelp til den amerikanske armeen i nærområdet til krigshandlingane.
Utsyn

For den franske militærministeren, Michele Alliot-Marie, er det militære samarbeidet vorte til nøkkelelementet i den europeiske prosessen mot å bli einige. I eit intervju med FAZ (05.02.2004) slo ho fast: „Irak-krisa har ikkje vore eit tilbakeslag for forsvarssamarbeidet i EU. Det motsette er tilfellet. Forsvaret har vorte eit nøkkelelement i den europeiske prosessen mot semje. Forsvaret kjem raskare på plass enn pengeunionen gjorde i si tid.

I opningstalen sin til Hannovermessa i 2003 påviste forbundskanslar Gerhard Schröder samanhengen mellom opprustingspolitikken og den sosiale innstramminga i landet vårt. Han grunngav det nødvendige ved Agenda 2010 med at „Tyskland må og skal (…) spele si rolle i Europa slik at Europa kan spele si rolle i verda.“ Ein må „sette landet økonomisk i stand til både å ha den krafta og stille ho til rådvelde for Europa for å kunne realisere denne rolla.“ (www.bundesregierung.de, sett inn 07.04.2003)

Forståinga er gammal: Pengar kan ein berre bruke ein gong, enten til høgrusting eller til utdanning og sosialtenester. Det nye er at ein sosialdemokratisk kanslar går så ope og absolutt inn for å prioritere militariseringa framom behova til befolkninga. I talrike europeiske land er det danna ei rørsle „Mot denne EU-grunnlova – for eit Europa som seier nei til krigen“. Denne rørsla går ikkje berre til angrep på „tvangen til opprusting“ i grunnlovsutkastet, ho går også til angrep på grunnlovsutkastet si demokrati- og utviklingspolitiske innretting. Dette er ei rørsle der globaliseringskritikarar av begge kjønn og aktive freds- og utviklingspolitiske grupper samarbeider.

http://www.akp.no/rfane/2004/02a/tobias-pfluger-lang.php3

Ex Relationship
zp8497586rq

Ähnliche Artikel